|
Gymsal ved Haugen skule ikkje inn i Kommunedelplanen |
|
Ny gymsal ved Haugen skule er nødvendig og ligg inne i langtidsplanen til Eid kommune. Bygdeutviklingslaget spelte i haust inn til kommunen at ny gymsal må kome inn i handlingsplanen i Kommunedelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse. Kommunestyret vedtok i forrige veke å ikkje flytte gymsal ved Haugen skule inn i den prioriterte handlingsplanen. Bygdelaget oppfordrar no alle sambygdingar til å minne lokalpolitikarane våre på dei uverdige tilhøva ved gymsalen vår.
Politikarane valgte også å ikkje ta inn gymsal/fleirbrukshall ved Nordfjordeid skule og ny fleirbrukshall i tilknyting til Eid idrettshus. |
|
Line Balsnes Lefdal
tysdag 24. januar 2012
|
|
|
Fem onsdagar framover vil det vere skiskule på Harpefossen. Skiskulen tek til i dag med registrering frå kl.12 og med skileik/slalom trening frå kl.13. Skiskulen held fram til omlag kl. 15.30, med ein pause i varmestova undervegs.
Skiskulen kostar kr. 600,- (inkl. heis og grillmat siste dag). Påmelding eller eventuelle spørsmål - pr tlf eller mail til Bjørn Kjørstad 92686846 /
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
|
|
Line Balsnes Lefdal
onsdag 18. januar 2012
|
|
Opningstider på Harpefossen |
|
|
Kjenndalsheisen og Enerskiheisen er opne også i morgon måndag frå kl. 11 til 15. Kafeane er opne på Furohogane og i Varmestova. Tilhøva i traseane på Furuhogane og i turløypene er fine.
Faste opningstider:
Laurdag og søndag: kl.10.30-16.00
Tysdag, torsdag og fredag: 17.30-20.30
|
|
|
|
Line Balsnes Lefdal
sundag 01. januar 2012
|
|
Bygdeutviklingslaget ønskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år! |
|
Line Balsnes Lefdal
torsdag 22. desember 2011
|
|
Det vert romjulsfest i Vårtun 4. juledag også i år. Festen tek til kl. 20 med program, mat og dans. Det er ungdomane i bygda som står for programmet - ein får her møte operahussjefen og mange andre lokale "figurar". Alle er hjarteleg velkome! |
|
Line Balsnes Lefdal
torsdag 22. desember 2011
|
|
|
|
|
|
|
Side 1 av 27 |